Rettleiing og oppfølging av fosterheim
Fagleg støtte og oppfølging for fosterheimar, med vekt på tryggleik, relasjonar, forståing og handtering av krevjande situasjonar.
Erfaring • tryggleik • fagleg rettleiing
FamilieFag ved Per-Arild Alsaker tilbyr profesjonell rettleiing, oppfølging og rådgiving i Sogn og Fjordane og på Søre Sunnmøre.
Ta kontakt for prisar og meir informasjon.
Tenester
Tenestene blir tilpassa behovet i den enkelte saka. Ta kontakt for ei uforpliktande samtale om kva som kan vere aktuelt.
Fagleg støtte og oppfølging for fosterheimar, med vekt på tryggleik, relasjonar, forståing og handtering av krevjande situasjonar.
Råd og rettleiing som tiltak i barnevernssaker, tilpassa barnet, familien og situasjonen rundt saka.
Gjennomføring av tilsyn med eit fagleg og respektfullt fokus på barnet, familien og rammene rundt oppdraget.
Samtalar og rådgiving for familiar som ønskjer støtte i relasjonar, kommunikasjon, samarbeid eller krevjande livssituasjonar.
Metodar
Familie- og nettverkstiltak
Funksjonell familieterapi
Ikkje rein MST
Emosjonsfokusert terapi for par og familie
Enkel og effektiv aggresjonskontroll
Som familieterapi er tufta på
Støtta tilsyn og beskytta tilsyn
Om Per-Arild
Per-Arild Alsaker er utdanna familieterapeut og er tilsett ved familiekontoret i Nordfjord. Han har over 25 års erfaring med tiltaksarbeid i barnevernet.
Han er også godkjend meklar og har brei erfaring med rettleiing, oppfølging og samtalar i saker som krev tryggleik, struktur og fagleg forståing.
Kontakt
Ønskjer du å vite meir om ei av tenestene, eller drøfte om FamilieFag kan vere rett for dykk? Ta gjerne kontakt.
Ikkje send sensitive personopplysningar på e-post.
FamilieFag Alsaker behandlar personopplysningar som du sjølv gir dersom du tek kontakt på e-post eller telefon, for å kunne svare på førespurnaden og følgje opp eventuell avtale eller teneste. Ikkje send sensitive personopplysningar på e-post. Opplysningane blir ikkje lagra lenger enn det som er nødvendig for formålet eller det som følgjer av lovpålagde plikter.
FamilieFag Alsaker, org.nr. 938 240 507, er behandlingsansvarleg. Du kan kontakte oss på peals@hotmail.no dersom du har spørsmål om behandling av personopplysningar eller ønskjer å bruke rettane dine etter personvernregelverket.